Det er ikkje lett for meg å ha orden i strikketøya, (i fleirtal ja) Når eg har med meg eit strikketøy rundt, så er det mange gonger i ein plastikk eller papirpose, eller laust i veska. Ingen av alternativa er nokon stor suksess. Det går ikkje lenge før det går hol i posen og strikkepinnane stikk ut til alle kantar. Eller at trådar og pinnar fyk når eg skal ha tak i andre ting i den same veska. Då er ein strikkepose ein god ting. Eg fekk forsåvidt ein sydd strikkepose av ei svigerinne for ei stund si, men kvar har den blitt av??. Ikkje godt å sei. Har lenge tenkt at eg skulle sy meg ein ny, og når då nøsteblogg hadde lagt ut ein diy, så fekk eg fart på meg. Denne første romantiske, blei gave til ei strikkete veninne på sundagskvelden.
Denne skal eg ha sjølv. Legg merke til dei fine merkelappane. Fekk dei i posten for ei lita stund sidan. Bestilte frå etsy frå MommieMadeIt Kjekt!
Også må eg jo sjølvsagt ha med eit bilete av opphavet til bloggnamnet. Flinke hønene som me får så gode egg av...